Frode Grytten

Frode Grytten. Foto: Scanpix.Frode Grytten. Foto: Scanpix.

Frode Grytten (f.1960) er forfattar med eit særleg godt grep om skildringar av unggutar i opposisjon til foreldre og nærmiljø. novellene hans handlar gjerne om idoldyrking og trong til å hevde seg sjølv, om melankoli og jakt på identitet mot ein bakgrunn av moderne ungdomskultur.

Han debuterte med ei diktsamling i 1983. Seinare har han gitt ut fleire novellesamlingar, blant anna Dans som en sommerfugl, stikk som en bie (1986) og Langdistansesvømmar (1990). Den første romanen hans, Bikubesong, kom i 1999. Boka har korte, frittståande kapittel og liknar derfor ei novellesamling. Med Bikubesong og med novellesamlinga Popsongar (2001) nådde Grytten fram til ei stor lesargruppe. I 2002 kom ei reiseskildring frå Dublin, og i 2005 kom den andre romanen hans, Flytande bjørn, ei krimhistorie frå Odda.

Cappelen Damm

Sist oppdatert: 23.10.2007

© Cappelen Damm AS